Fylkesvise tilskot (RMP) til grønsaksproduksjonar
Regionalt miljøprogram (RMP) finst i kvart fylke og har regionale tilpassingar av tilskotsordningane. Nokre av dei har tilskot til grønsaksproduksjon, mellom anna i Vestland fylke.
Kva er regionalt miljøprogram?
Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram fastsett av Statsforvaltaren i samråd med bondelaget og bonde- og småbrukarlaget i kvart fylke. Programmet skal stimulere til å oppretthalde og utvikle eit ope og variert kulturlandskap. Særskilte verdiar i kulturlandskapet skal takast vare på og skjøttast, god agronomi skal fremjast, og ureining og tap av næringsstoff frå jordbruket skal reduserast.
I miljøprogrammet for Vestland er det definert fylgjande delmål:
- Eit ope og velstelt kulturlandskap
- Bratt jordbruksareal i aktiv drift
- God utnytting av utmarksbeite og aktiv stølsdrift
- Utvalde biologiske og kulturhistoriske verdiar i landskapet blir teke vare på og skjøtta
- Landbruket er klimavenleg og har lite tap av næringsstoff og klimagassar til luft
- Eit landbruk som er tilpassa eit endra klima
- Minst mogleg tap av næringsstoff frå landbruket til vassdrag
Dei regionale miljøtilskota er hovudvirkemidla i miljøprogrammet for å nå delmåla definert over, og dei er til liks med nasjonale produksjonstilskot, ei årleg driftsstøtte til føretak med landbruksproduksjon som oppfyller visse vilkår.
Døme på to ordningar i Vestland
I Vestland vart det i år innført to nye ordningar innan potet- og grønsaksproduksjon.
Dette gjeld fangvekstar sådd straks etter hausting av tidlegkulturar av potet, rotvekstar og grønsaker. Fangvekstar reduserer jorderosjon og tap av næringsstoff. Dei aukar det organiske innhaldet i jorda, bind karbon og er dermed òg eit klimatiltak.
Det vert óg innført nytt tilskot til bekjemping av ugras (mekanisk eller flamming) i radkulturar. Målet med tiltaket er å stimulere til nedkjemping av ugras utan bruk av kjemikaliar.
Les meir om RMP-ordninga i Vestland.
Dersom du ynskjer å finne ut om RMP-ordninga i ditt fylke, nyttar du søkjeorda: RMP, Statsforvaltaren, 'Namnet på fylke du bur i'.
Les meir om moglege støtteordningar for marknadshagar