Sylting og fermentering av grønsaker

Velkommen til innhaldsrik dag som vil gi deg den oversikta du treng for å komme i gang med foredling av grønsaker og urter. Lær deg å sursylte og fermentere grønsaker for kommersielt sal, og få fram produkt som smakar, har god holdbarheit, held på kvalitet i grønsakene og sluttprodukt.

Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Påmelding

Viktig innhald i kurset:  

  • Merking, flyt, HACCP skjema og kritiske punkt. 
  • Økologisk merking vert tatt opp.
  • Vi kjem også innom pesto og div andre produkt de kan foredle frå marknadshagen.
  • Syltetøy av grønsaker, grønt som ingrediens i syltetøy, ketchupar med meir.
  • Vi går gjennom krav til lokaler og arbeidsflyt frå hage til ferdig produkt.

Fagdagen inneheld lunsj med smaking.

Kursansvarleg SJH: Gry Tokvam,  gry.tokvam@vlfk.no send gjerne spørsmål om kurset til henne. 

Program for dagen vert sendt ut ved påmelding.

Påmelding innan 18. okt - betaling ved påmelding: 1100,- 

Fint om de kjem kvelden før, då vi må starte på morgonen for å få utbytte av dagen. Vi lagar til måltid i lag kvelden før for dei som kjem då. 

Publisert 14.10.2021
Dato:
21. oktober 2021 09:30 - 17:00
Stad:
Aurland, Sogn Jord- og Hagebruksskule, Skulevegen 24, 5745 Aurland
Arrangør:
Kompetansenettverket for lokalmat, SJH
Målgruppe:
Lokalmatprodusenter - spesielt relevant for småskala grøntprodusenter /markedshageprodusenter

Lenkjer