Webinar om grønnsaksproduksjon i fjellbygdene
Vurderer du å drive produksjon av grønsaker i fjellet? Eller lurar du på korleis det er å produsere poteter 500 moh? Og kva med jordhelsa - korleis er den hos deg? Bli med på webinar den 26. august kl 12 - 14. Gratis, men påmelding!
Fjellnettverket og Nasjonalt senter for fjellandbruk inviterer til webinar med gode foredragshaldarar som vil gje deg inspirasjon, svar på spørsmål og gode tips til korleis du kan drive produksjon av grønsaker og potet i fjellet og kva dette med jordhelse eigentleg handlar om.
Meld deg på her...
Webinaret er eit samarbeid mellom Fjellnettverket og Nasjonalt senter for fjellandbruk.