Markvandring i Vestland i juni

Hans Gaffke frå NLR Øst vert med på markvandringar i Vestland den 13. juni.  Temaet er dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Hans har lang fartstid som både rådgjevar og praktikar i dyrking av økologiske grønsaker. Alle interesserte er velkomne!

Grønnsaker i rekke. Gardsbruk, skog og innsjø i bakgrunnen. Stolpe i midten.
Velkommen til markvandring på Leirvik - Stord og Lysekloster - Bjørnafjorden den 13. juni - sett av dagen i kalenderen allereie no:) Foto: Gunnlaug Røthe / Norsk landbruksrådgiving Vest.

PROGRAM

13. juni - DAGTID

kl 10:30 - Leirvik på Stord, på garden Lundemannsverk med Ida Kleppe. Ida Kleppe hadde testproduksjon-og sal i 2022, og er no i ferd med å utvide marknadshageproduksjonen både på friland og i veksthuset (uoppvarma). Adresse: Lundemannsverk 46

Kl 15:00 - i Bjørnafjorden hjå Lysekloster Gardsdrift Sund kor Peder og Marianne Hauge Sund driv småskala grønnsaksproduksjon for tredje år på rad, i kombinasjon med liten flokk med sauer. Dei har lang erfaring med vatningssystem, oppal av småplanter og installasjon av tuneller/drivhus Adresse: Lysklostervegen 445.

Enkel servering på kvar stad.

Påmelding slik at me kan sende deg ei påminning dagen før og kor mange me skal planlegge servering for. Bruk påmeldingsskjemaet under - frist 12. juni kl 12. 

Pris
Gratis for medlemmar av NLR. 
150,- for ikkje-medlemmar av NLR. Betaling med VIPPS ved oppmøte. 

Lenke til ferjetider Halhjem - Sandvikvåg

Velkommen!

 

Publisert 24.05.2023
Dato:
13. juni 2023 09:30 - 15:00
Stad:
Leirvik på Stord og Lysekloster i Bjørnafjorden/Os
Arrangør:
Norsk Landbruksrådgiving Vest
Målgruppe:
Alle interesserte - nybegynnere og erfarne
Påmeldingsfrist:
12. juni 2023 12:00