Starte markedshage i fjellandbruket - kurs

Her kan du søke om å få plass i inkubatorprogrammet nr. 2 for bærekraftig matproduksjon i Fjellandbruket med oppstart i februar. Søknadsfrist er 1. februar 2022. (NB: Ny, utsatt frist)

Målet for inkubatorprogrammet er å gi dei som er interessert i å starte opp med markedshage verktøy for å bli gode entreprenørar med lønnsam drift. Når du har gjenomført inkubatorprogrammet, har du lært å bruke verktøy for å tenkje som ein entreprenør, bli effektiv i hageplanlegginga og du har gjennomført ditt fyrste sal. Me jobbar for å bygge nettverk for dei som er interessert i markedshagedyrking i fjellet som du og blir ein del av.

I inkubatorprogrammet er det fem modular som kvar tek opp ulike tema.  Dei seks nettveksamlingane som er planlagt annankvar veke frå februar til og med april er om lag to timar. Før samlingane er det filmar du må sjå gjennom, oppgåver som du må løyse for å få best mogeleg utbytte av samlingane og måla som du harfor din markedshage. På samlingane er det både presentasjonar, gruppearbeid og me tar og «runde» for å høyre korleis det går med alle deltakarane.

Det er ledig inntil 15 plassar for deg som bur i ein fjellkommune og ynskjer å starte markedshage.

Søknadsfrist er 1.februar 2022.

Deltakaravgift er kr 1500.

Her kan du registrere deg

Har du spørsmål, ta kontakt med prosjektleiar Marit Torsrud Nerol i prosjektet "Grønnsaksproduksjon og anna dyrking i Fjellandbruket".

Publisert 14.01.2022
Dato:
9. februar 2022 - 27. april 2022
Stad:
Digitalt på zoom
Arrangør:
Prosjektet "Grønnsaksproduksjon og anna dyrking i Fjellandbruket"
Målgruppe:
Personer i fjellkommunene som vil starte markedshage