Siden 2020 har flere gårder og gartnere startet med småskala grønsaksproduksjon i Bergen. De har valgt ulike agronomiske strategier og funnet forskjellige kundegrupper. Her får du gjennom en bildereportasje, innblikk i fem ulike gårder og hvordan de driver i oppstartsfasen.
På Hauane gard er mjølkeproduksjonen hovudinntekta på garden, som ligg midt på Osterøy. Lillian Bjørnseth kom til garden midt på 90-talet og starta etter kvart sitt eige foretak med fleire tilleggsnæringar. Ho er glad for å ha folk på besøk på tunet, og har teke imot elevar eller folk med særskilde behov i fleire år. For nær tre år sidan starta ho med ein marknadshage for å kunne nytte ressursane på garden endå betre. Ca 7-800 kvm er totalt sett av til marknadshagen, inndelt i 3-4 skifter, i tillegg til ein mindre bærhage.
Grønsaksdyrking noko av det kjekkast Lillian Bjørnseth på Hauane gard driv med som bonde, og motivasjonen stig alltid med gode tilbakemeldingar frå kundane.
Mangesysleriet har vore eit kjenneteikn for vestlandsjordbruket gjennom generasjonar. Marknadshagen gjer at det tradisjonelle gardsbruket har fleire bein å stå på. Lillian arbeider som helsfagarbeidar ved sidan av gardsdrifta, og er ikkje sikker på om ho kan slutte i sidejobben sin enno. Salskanalane ho nyttar er ikkje sikre nok, og i fjor måtte ho opparbeide nye areal då ho mista noko leigeareal.
Ein stor fordel med drifta på Hauane gard er tilgang på husdyrgjødsel frå eige fjøs: saue-og kyragjødsel. I tillegg nyttar ho noko pelletert hønsegjødsel. Grunngjødslinga er difor god. Bjørnseth har investert i eit mobilt vatningsanlegg, og vel å investere i takt med arbeidskapasitet og respons frå den lokale marknaden.
Bjørnseth har ein stor variasjon av grønsaker på garden, og sjølv om ho har traktor tilgjengeleg blir det meste av areala drivne som ein maknadshage med låg mekaniseringsgrad.
Forkultivering for dei vekstene som treng det, vert gjordt i eit tidlegare mjølkerom med litt varme, og ved spiring flytting til kaldare rom med enkelt vekstljos, og seinare til eit lite drivhus.
Sjølv om Bjørnseth ha stor traktor ville ho ha tilpassa utstyr til marknadshagen og investerte i ein tohjulstraktor i 2022. Ho valde å nedbetale den over få år, difor vil overskotet i produksjonen vil først visast i komande sesongar. Bjørnseth har ikkje søkt Innovasjon Norge enno, og har vore forsiktig med investeringane.
- Eg driftar teigane som ligg tett på tunet med grønsaker, for å spare tid og for å ikkje kome i konflikt med fôrproduksjonen til mjølkekyrne. I 2024 vart marknadshagen sine felt meir stabile, slik at eg kan tenkje langsiktig på drifta, vekstskiftet og faste bed, fortel Bjørnseth.
I 2025 ynskjer Bjørnseth å halde fram med å selje dei fleste grønsakene frå bua ved gardsvegen. Ho legg jamleg ut informasjon på facebooksida og får stadig nye kundar. Bjørnseth annonserer lite på andre måtar, men får likevel nye kundar «via folkemunne».
For å minke arbeidsmengda ynskjer ho å annonsere utleveringsdag/haustedag to dagar i veka. Då kan kundane hente ferdighausta posar frå bua, eller dei kan vege seg eigne posar med grønsaker i lausvekt.
- I framtida vil eg framleis ha mange ulike grønsakskulturar, med mindre mengder tidlegpoteter og kanskje meir urter, som gjer at eg kan vidareforelde varene mine. Eg har auka med nokre raster med bringebær, og i 2024 fekk eg endeleg til gulrotproduksjonen min, smiler Lillian Bjørnseth stolt.