Webinar – Tilskudd fra Innovasjon Norge til småskala grøntproduksjon
Tilskot til småskala frukt,-bær og grønsaksproduksjon frå Innovasjon Norge, vart muleg frå 2020. Tilskotet sorterer under tilleggsnæringar, på nye eller etablerte gardsbruk. I denne artikkelen kan du sjå opptak som gir deg gode råd før du sender ein søknad.
Det er eit webinar som er for alle produsentar som vurderer å søkje tilskot frå Innovasjon Norge. I opptaket får du vite meir om ordninga frå Innovasjon Norge sentralt, med døme frå sakshandsaming i Vestland og erfaringar frå ein produsent i Trøndelag: Sigurd Vassenden frå Grønt frå Grindal. Opptaket kan du sjå her:
Opptaket kan du sjå i biletet over og blir liggande på denne artikkelen framover - du kan også laste ned plansjane frå webinaret i eitt samla dokumet, i boksen for Dokumenter på denne nettsida.
Deltek deltakarane kunne stille spørsmål og få svar, på slutten av webinaret. Sjå elles tidspunkt i sendinga, kor dei ulike innleiarane starta.
Du kan også kontakte ditt lokale kontor i Innovasjon Norge for å få detaljar om korleis dei prioriterer og sakshandsamar søknader i din region. Spør etter sakhandsamarar for tilleggsnæringar i landbruket eller småskala grøntproduksjon i din region av Innovasjon Norge.
Sjå generelle retningslinjer og prioriteringar Innovasjon Norge har i din region, her.
NB! Nokre regionar har søknadsfrist 1. eller i perioden 1. desember – 1. februar kvart år.
PROGRAM
Tala i programmet indikerer omtrentleg start for dei ulike innleiarane - du kan trykke på dei og kome direkte til den plasseringa i sendinga:
04:00 - Start - Vertskap og kontaktperson v/Frøydis Linden, Statsforvaltaren i Vestland
05:15 – Velkommen v/ Randi L. Gjertsen i Bondens Marked, prosjektet Robust småskalagrønt.
10:00 – Innovasjon Norge v/Kjell Bruvoll om bakgrunnen for ordninga og kva som generelt blir vektlagt i sakshandsaminga
20:00 – Eksempel 1: Erfaringar frå ein produsent som har søkt Innovasjon Norge: Sigurd Vassenden, Grønt frå Grindal, Trøndelag.
40:00 – Eksempel 2: Praktisk saksbehandling i ein IN-region : Vestland v/Vemund Aartun 60:00 – Samtale mellom saksbehandlar og produsent – samt svar på spørsmål i chat’en v/May-Britt Otterlei, Innovasjon Norge.
1:30 - Slutt