Markvandring i Vestland i juni
Hans Gaffke frå NLR Øst vert med på markvandringar i Vestland den 13. juni. Temaet er dyrking av småskala grønsaker etter økologiske prinsipp. Hans har lang fartstid som både rådgjevar og praktikar i dyrking av økologiske grønsaker. Alle interesserte er velkomne!
PROGRAM
13. juni - DAGTID
kl 10:30 - Leirvik på Stord, på garden Lundemannsverk med Ida Kleppe. Ida Kleppe hadde testproduksjon-og sal i 2022, og er no i ferd med å utvide marknadshageproduksjonen både på friland og i veksthuset (uoppvarma). Adresse: Lundemannsverk 46
Kl 15:00 - i Bjørnafjorden hjå Lysekloster Gardsdrift Sund kor Peder og Marianne Hauge Sund driv småskala grønnsaksproduksjon for tredje år på rad, i kombinasjon med liten flokk med sauer. Dei har lang erfaring med vatningssystem, oppal av småplanter og installasjon av tuneller/drivhus Adresse: Lysklostervegen 445.
Enkel servering på kvar stad.
Påmelding slik at me kan sende deg ei påminning dagen før og kor mange me skal planlegge servering for. Bruk påmeldingsskjemaet under - frist 12. juni kl 12.
Pris
Gratis for medlemmar av NLR.
150,- for ikkje-medlemmar av NLR. Betaling med VIPPS ved oppmøte.
Lenke til ferjetider Halhjem - Sandvikvåg
Velkommen!