Markedshagekurs i Rogaland høsten 2022

Kurs marknadshage på Jæren 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022. Hans Gaffke i NLR Øst kjem no tilbake med nytt kurs i Rogaland. Kurset vil passe for alle som har prøvd litt grønsaksproduksjon, men som no ønsker å satse seriøst med sal av eigenproduserte grønsaker. 

 

Hans Gaffke (t.h.) er erfaren rådgiver i småskala grønsaksproduksjon i Norsk landbruksrådgiving. Foto: Frøydis Linden / SFVL.

Link til påmelding og meir info på Kurs marknadshage | NLR Rogaland

Program

Kurshaldar: Hans Gaffke, NLR Øst. Det blir innlegg ved fleire dyrkarar.

Førebels program, meir detaljar kjem.

19. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Valg av dyrkingsopplegg.
  • Etablering av markedshage.
  • Vekstskifte, fangvekstar, husdyrgjødsel, grønngjødsling.

20. oktober 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Markedshage - arbeid gjennom sesongen.

9. november 2022. Klokka 9:00-15:30

  • Små kulturar på friland og uoppvarma tunnel.

10. november 2022. Klokka 9:00-14:30

  • Planlegging, økonomi.

 

Dyrkingskonseptet marknadshage

Dyrkingskonseptet marknadshage er ei arbeidsintensiv dyrking av vekstar på avgrensa areal med høg marknadsverdi til direkte og/eller lokal omsetnad.

Typiske kjenneteikn for marknadshage: Dyrking på faste bed. Stort mangfald av vekstar, som gjerne er rasktveksande. Heller planteoppal framføre direkte såing. Høg jordfruktbarhet. Høg plantetetthet. Minimert jordarbeiding. Lågt / moderat investeringsbehov.

Praktisk informasjon

Stad: Særheim. Stad kjem.

Tid: 19. - 20. oktober og 9. - 10. november 2022.

Klokke: 09:00- ca. 15:30.

Pris per deltakar: Medlemmer i NLR kr. 2200,-. Ikkje medlemmer kr 3000,-.


Påmelding

Påmelding her innan 3. oktober.

Ved spørsmål, ta kontakt med Ane Harestad - se opplysninger i kontaktfeltet.

Publisert 02.06.2022
Dato:
19. oktober 2022 09:00 - 10. november 2022 15:30
Sted:
Særheim
Arrangør:
Norsk Landbruksrådgiving Rogaland
Målgruppe:
Du som har drive grønsaksproduksjon i nokre år og vil forbetre produksjonen og oppdatere deg fagleg, vil også få godt utbytte av kurset.